Sunday, October 14, 2007

200 pund

BA tilbyr meg 200 pund for å bytte fly. Dei har overbooka og prøver å kjøpe seg ut. Etter 45 dager i Kina seier eg 250, last offer!

Shanghai tips

Om du skal til shanghai er toalettet på Grandmother restaurant i Guangdong Road av klasse. Maten er ok. Litt salt men dei har billig pijiu. Eg reiser heim no. Bloggen har vore litt knapp ettersom eg har gått over til å laste frå mobil. Sayonara Kina !

Thursday, October 11, 2007

OL

Special Olympics er over for denne gong, eg fekk med meg kappgang for menn og spyd. Avisa China Daily gir folket språktips. I swear to God! Simular usage is "to swear to Chairman Mao".

Tuesday, October 09, 2007

Jinmao Tower

Eg er i eit høgt hus. Eg ser utover Shanghai. Det er 88 etasjer under meg. Ein svensk gjeng frå Skanska har med hjelm. Deg tek ingen sjanser. Eg sender 4 postkort, eit av dei til Mons Ivar Mjelde.

Monday, October 08, 2007

regn

Eg var ikkje førebudd på regn. Den champagne fulle franskmannen på Portman Ritz sa noko om det, han var stor som ei rundkjøring, Fucking rainstorm - sorry. Alltid sorry etter fuck. Seinere står eg varm og våt under eit overbygg. Han sa noko om regn. Ei dame sel paraplyar til 10 yuan. It's too late. Eg er mett og tar ein taxi, han får 20 våte yuan.

Sunday, October 07, 2007

7. Oktober

Skydekket har hekta seg på Oriental Pearl Tv Tower. Ein kinesisk akrobat heng utanfor vinduet mitt i 18. Etg. Han arbeider med fasaden. Hotellet sitt ansikt utad. Det vil bli ein varm dag og folk vil gå i tog på the Bund og i Nanjing. I Shanghai er det 17. Mai kvar dag.

Friday, October 05, 2007

shanghai

Eg bur på rom 1818, hotellet heiter Jiulong hotel. Eg ser ut over byen og Pudong. Det er lys og neon, høge hus og folk overalt. På The Bund sel dei ting som lyser. Ei dame kaster ein gris av gele hardt i bakken, den flyt utover for så sakte bli til gris igjen. Ein mann sel lysande djevelhorn som ein set på hovudet. Alle tar bilder og poserer medan Pearl Tower lyser bak dei.

Wednesday, October 03, 2007

Kunming Farvel

I dag er min siste heile dag i Kunming. Eg skal videre til Shanghai i morgo og treffe 17 millioner innbyggere paa 10 dager + 4 millioner tilreisande som har tatt turen til Shanghai avdi det er nasjonal ferieveke i Kina. Men er har faatt fly og hotell og magnetfelttoget som gaar i 400 km/t skal ta meg inn til byen fraa flyplassen.
Siste dagen skal eg ta buss 22 til Foreigner Street, derfra skal eg gaa ned til Green Lake Park og kjope nokre gaver til mine Kinesiske hjelpere og saa skal eg springe sikksakk mellom minibanker og ta ut 5000 yuan som Nordica skal ha cash i leige for bustad og atelier. Deretter skal eg rydde med meg det eg har arbeida med i atelieret, rusle ned Xi Balo for siste gong og saa skal eg spise middag saman med mine nye Kinesiske venner + Annika og Agneta. Det er sol ute og det kjem til aa verte ein fin dag. Folk flytter til Kunming og til fine dager, her er det alltid sol, seier dei. Det stemmer ganske bra etter kva eg har erfart september 2007 i Kunming.

Tuesday, October 02, 2007

Hundeliv


Hundene i Kina ser glade ut, i Norge kan ein møte hunder som ser melankolske og tildels deprimerte ut . Ikkje slik i Kina. Hundene i Kina har vener som dei er saman med og det er ikkje menneska som bestemmer når dei skal vere saman, dei går til kvarandre når dei har lyst. Eg traff tre i dagtidleg. Den eine, ein energisk liten pincher av typen - eg gjer kva som helst berre eg får vere med. Ein tett liten terrier, ledertype (hjernen) med tilgjort tøft ganglag. Den tredje, ein harehund variant, mogleg ein psyko bodyguard til ledertypen. Dei svinsa tilfredse inn mot blokka mi, ryktet om ei pekingnesertispe med løpetid har nådd dei. Ho er aleine heime og desse typene går ikkje av vegen for litt masse-parring. Om det ikkje vert noko på dei vil dei sloss eller stjele mat fra gaterestaurantene. Dagen er ny og alt er mogleg for ein hund i Kina, til og med middagsbad i HotPot Pool & Spa.

Monday, October 01, 2007

Gratulerer!


I dag er det Kina sin nasjonaldag. 1. Oktober. Det viktigaste for Kineserane ser ut til å vere at dei no har fri ei veke. Ein treff folk, ungdom, som viser begeistring for Mao. Ei ung jente på English Corner ( treff på Nordica) seier til meg: I admire Mao so much! Ho ser stolt og glad ut, om det er Mao eller om det er fordi engelsk-uttalen er ganske bra, veit eg ikkje. Seinere treff eg ein master-student på Yunnan Art Institute. Han viser meg sitt vesle rom kor han arbeider og bur medan han er student. Han tek master på tradisjonelt Kinesisk tusjmaleri, blomster og tre er hans fordjupning. Eg spør kva dei skriv på maleria, kva dei kalligrafiske tegna tyder? It's a poem, chairman Mao's poetry. Han gir meg eit maleri. Eg takkar og seier at det er for mykje. Det er fint, ein fugl ved nokre busker. Han stempler det, raude tegn, namn og symboler for langt og godt liv. Eg takker igjen. Neste dag treff eg han igjen og gir han ein cd med norsk jazz. Han studerer coveret lenge. Han og alle Kinesere eg treff er svært venlege. Eg har vore her rundt Kunming i 30 dager og til no har eg kun truffe på hjelpsomme og smilande menneske. Very nice! Det skal dei ha på nasjonaldagen. Gratulerer!

Thursday, September 27, 2007

Tiger Leap Gore i dass


Shuhe er ein fin stad men kokkene i denne vesle perla er svake til å lage mat. Etter å ha fått ei kyllingsuppe som kunne gå sjølv er eg framleis svolten når kvelden kjem. Eg tenker eg må ha noko i magen som det er litt futt i, for eg skal ut i det kinesiske høgfjellet! Eg tar det safe og ber om Fried Pork In Soysauce, yeah. Igjen har eg famla meg bort i ein kokk som meiner eg skal ete alternativt, dvs. brusk, bein og fett frå ku, kanskje? Normal muskelmasse blir holdt tilbake, eg skal ikkje belemrast med slikt. Sausen er god nok den og ris er ris, ein hund hjelper meg med "beef". Eg klager, eg ber kokken forklare filosofien bak denne retten. Ei jente kjem inn som tolk. You not used to Chinese food. I'm not used to fat and bones. Chinese food very different. Very very, I think your dog is shivering. No dog, beef. Sorry no beef, soon no dog. Nice dog. Jada, hade hade. Yes thank you, sorry. Maybe I will never come back another time. Welcome.
Eg vi sove men eg vert liggande og tenke på om hunden slit med dei samme problema som eg fekk "for free" sammen med Fried Fat and Bones. Har han nok hundeposer, får han sove, vil det vare, er dehydrering på gang? Eg kan ikkje sove, Tiger Leap går i dass. Eg tenker på kokken, ser for meg ein blind Naxi som plukker opp noko fra golvet. Etter ei søvnlaus natt med innlagte øvinger på kvit porselen sovner eg til hanegal, eg drøymer om ein hund som drep ein kokk, riv han i filler til det er kun brusk bein og fett igjen.

Tuesday, September 25, 2007

Etnisk disco

Har tatt ein avstikker fra Kunming til den vakre byen Lijiang. Byen er vakker, det skal den ha, men det er vel også det som har etter min smak gjort den ein aning uspiseleg. Det er blitt ein turiststad der alt dreier seg om handel av identiske suvernirer. Rett nok kan du finne eit og anna som ser orginalt ut men hovudvekta er masseprodusert. Restauranter er det og mange av, dei fleste har innklapparar, unge jenter og gutter som har tredd ei etnisk naxi-drakt utanpå jeans og t-shirt og som danser og klapper for å få folk til å velge rett stad. Shuhe ligg 4 km nord og er rolegare. Dette skal vere Naxi-folkets vogge, turismen og dei masseproduserte sakene har ogsaa funne vegen hit men i mindre grad. Den gamle delen av Shuhe er verkeleg fin og her kan ein og finne veldig fine overnattingsstader for ein 100 yuan eller mindre. I kveld er det moon-festival. Folk reiser heim og besøker sine og et mooncake. Den smaker ok men kake reiser ein ikkje til Kina for å spise. Den kinesiske maten er god men det er stor hjelp å ha med folk som kan kinesisk. Idag har eg vore ute på eigenhand to gonger og eg meiner eg er blitt lurt, ikkje paa pris men på innhold. Eg sit att med ein mistanke om at dyrenes minst attraktive deler har blitt meg til del. Shame on you Kina-cock! I morra er det Tiger Leap Gore, eg treng natur, store doser. Ingen bilder idag på lånt data, men eg vil komme tilbake med spektakulær natur.


Explore the seven wonders of the world Learn more!

Saturday, September 22, 2007

Xiba lo

Xiba lo er mi gate. Den går eg minst to ganger dagleg. Er eg på villspor kan eg alltid ta ein Taxi og seie Xiba lo. Eg sleit med uttalen i starten og det kunne bli forvirring men no veit eg at ein skal seie det slik ein full sjømann ville sagt det, og den siste stavinga LO, der skal O lyde som om den vert gulpa opp. Da er det berre å slappe av, holde klar 10 yuan og seie OK då du vil at han skal hogge i bremsene.
Xiba lo er ikkje sentrum, her er det lite gatelys i mørkret og ingen store forretninger med Boss og Nike etc. Men det er handel og kontor i kvart eit lite lokale langs heile ruta frå bustaden til atelierert. Alt ein kan trenge finn du i denne gata. Du kan spise, og du kan spise variert og dristig. Dei griller biller, hjerne, grisehaler, syltelabber, blekksprut og alle dei andre dyrene i Hakkebakkeskogen. Maten ligg på bord eller heng framme slik at man kan peike og velge xl eller small. Grillen er lenger ute på fortauet og stol litt lenger nede, du kan og sitte på huk. Kineserane er fantastisk til å sitte på huk, dei slapper av på huk.
Om du ikkje vil ete kan du legge ei ansiktsmaske, fikse ei blomme eller få noko intravinøst. Du kan reparere hunden eller hamsteren din. Du kan fikse sykkel og moped, file nøkler eller om du har problemer med mobilen kan du gå til den gamle mannen i skapet mellom gassutsalg og frisørsalong. Han har ei stø hand og friske auger. Om du vil kan du kjøpe ein gummikuk hos den strikkande bestemora ved postkontoret. Er du ikkje sikker på kva du vil kan du gå i krimskramsbutikken, der er det kaos og enormt bra utvalg. Etter alt dette kan du pusse sko eller vaske dine kvite joggesko med tannbørste. Er du trøtt no kan du få motorsykkeltaxien til å kjøre siste biten, dei har plasthjelmer slik som Byggmester Bob, sjølv må du ta risken uten hjelm.

Thursday, September 20, 2007

Sterke reaksjoner

Er det sant at det er frp som har fått ordføreren i Fredrikstad? Det var trist, det var vondt å høyre. Er det verkeleg sant. Oioioioioioi. Nei det var ille, dette vil eg ikkje sei noko om til alle Kineserane eg treff, tenk om dei skulle fa vite at eg bur i ein by der ordføraren er medlem av partiet frp! Da ville dei le og slå seg på knea og så vil dei tvinge meg til å fortelje om alle dei vittige forslaga som frp seier dei skal gjennomføre og så vil dei tvinge meg til å vise bilder av den nye ordføraren på internett. Nei dette var trist og veldig dumt, oioioioioio!

Tuesday, September 18, 2007

Jimmy ser deg

"The China Daily is reporting that a bull elephant from Xishuangbanna in southern Yunnan has recovered from a serious heroin addiction it picked up as a victim of illegal elephant trading. The elephant, nicknamed "Big Brother", was fed heroin-laced bananas in order to make it easier to control him and his herd, which they led westward to Dehong, near China's border with Myanmar." Fra www.gokunming.com
Jimmy lever i Kina, rett nok paa metadon men det er vel et liv det og. I dyreparken i Kunming er det og elefantar, om det går på stoff veit eg ikkje men det såg ut som dei i det minste kunne trenge ei bøtte med lykkepiller eller ein nøkkel.

Sunday, September 16, 2007

Karpe bollen

Like bak leiligheten der eg bur er det motorveg over bakken. Paa bakken ein mindre vedlikeholdt motorveg som hovedsakleg blir brukt av saktegaaande lastebiler og andre kjørety som av ulike årsaker held seg unna dagslyset. Og så er det ei toglinje. Like bak dette infernoet i trafikk er det ein park kor dei har lagt til rette for barnefamiliar, picnic og rolege aktiviteter for dei eldre. Parken er fin for dei som våger å krysse 4 felt med galskap. Eg tar dekning bak ei eldre dame med sykkel og begge overlever. Parken er fin den, går du langt nok inn kan du til og med finne noko som kan minne om ro. Ein fugl som kvitra, kanskje det var ein mobil eller ein Gameboy, men det var ein tydeleg lyd. Dammer fulle av svoltne karper som du kan mate med småbollar frå kiosken. Dei sym overkvarandre og gaper som besatt for å kome først til godsakene, dei største må vere opp mot 3 kilo. Eg tømmer posen og går fra bolleslagsmålet. Tilbake finn eg ei luke i trafikken...

Saturday, September 15, 2007

Silkeguiden

Sorry I'm late, have you been waiting? Nei, no problem. Takk for at du ville hjelpe meg med å finne silke. Kjenner du den store markedet der dei sel stoff? Oh no no. I just follow you. Eg trur vi må ta buss 58. I just follow you. Vi går av etter tre stopp. Eg trur det skal vere her. Kanskje du kan spørre nokon. Yes. No it is not here. Jau det er her, vi må berre gå litt lenger. Oh, I'm so hungry. Kanskje vi skal finne noko og spise. I dont like so many people. Ja det er mange folk her i Kina. Yes, population. Her kan du spise. Oh no, too many people. Her sel dei pølse. Yes hot dog, I buy a hot dog. I Norge er det hot dog når det er brød til, her er det to store pølser. I want to sit down here. Kan du spise pølse inne i ein bank? Oh I'm so tired. Kvifor er det vakter i alle banker? In China they like to watch. Kanskje dei skal passe på at ingen et pølser i banklokalet. Oh no. Kanskje vi kan spørre nokon igjen. Yes. Var det langt unna. Oh no i'ts not here. Jau, eg kjenner meg igjen no, eg tok eit bilde av den dokka. I'm so tired, I have not slept for three nights. Oi, kanskje du ikkje skulle ha kome då. Oh no, sometimes I have problems with saying no. No er vi like ved trur eg. I'm more hungry. I buy some nudles. Det var ein svær bolle med nudler. Oh no, nudles is nothing. No trur eg vi er like ved målet. Oh I think I wear wrong shoes. Du skulle tatt joggesko. Maybe we can buy silk tomorrow. Ja, eller kanskje på mandag. It's something wrong with my leg. Ja du halter. Kanskje du skal ta ein taxi heim og sove. Yes maybe. Du halter voldsomt, har du veldig ilt i foten? Oh no. Her, no kan du ta ein Taxi heim og sove. When I come home I finish my lunch. Ja du må vere svolten. Nudles is nothing. Nei det kan eg tenke meg. Sorry for silk. Nei, no problem.

Thursday, September 13, 2007

Stoff

I Kunming er det mest vanleg å presentere stoff vertikalt.

Tuesday, September 11, 2007

River

Går langs ei elv, mulig det er ein kanal, vassflata er slik at alle tanker om fisketur dampar vekk. Lim - det kjem fra limfabrikken, om den finnest, det veit eg jo ikkje, men slik det ser ut er det ikkje usannsynleg. Eg går på feil side, stig over murstein frå nyrevne hus. Det arbeider folk rundt meg med slegge og skuffer av flettverk. Dei tar ein pause, ser på meg og sa ler dei - ha ha ha. Er det oppussing til OL alt dette? Det er neppe for meg dei styrer. Der elva/ kanalen møter Dianchi Lake er det ein park kor dei gamle flyg dragar. Før eg kjem dit går eg forbi to karer som riv eit hus med kvar si slegge, dei slår annakvar gong. Kun ein etasje igjen så er dei i kjellaren.

Klassisk Kina

Det er ein automat, du stapper inn ein seddel, eit signal går ut til to menn som skyv ein pram ut på vatnet, bladverket senker seg og så er det berre a knipse, klassisk Kina.

Saturday, September 08, 2007

Ni hao Ask

Friday, September 07, 2007

Sandaler

Downtown Kunming. Ser etter Green Lake Park men all vegetasjon gjer det vanskeleg å finne fram. Eg treff et par utlendinger om dagen, vi helser slik folk gjer om dei er til fjells eller har hund. Javisst, i Kina du og. Dei kinesiske borna seier HELLO, svarer eg då fniser dei og tar til og springe. Dei som ikkje er barn ser alltid ned mot føttene mine, eg har ikkje fått undersøkt det enno men eg trur at det og gå med sandaler uten sokker i Kina betyr f.eks. "jeg spiser bæsj" eller "jeg har 9 brystvorter på ryggen".

Thursday, September 06, 2007

Kokken der oppe

Eg jakta etter ein stad der det skulle vere ein park og nokre tempel men eg gjekk gal veg og vart vikla inn i eit temmeleg urban del av Kunming. Eg vart dradd med av dei kinesiske hordene. Ei gate paa 2 km der alle butikker sel flygel, deretter ein veg til venstre der det er moped som er i fokus, inn ei gate med kinesiske armeeffekter og til slutt blir eg sugd inn i eit enormt supermarked. Eg tenker handle levende padder, kun 30 yuan for eit kilo! Levende karper som ligg og slapper av i bunn av akvariet er og fristande... Katt og kanin, eller er det hare, eg beveger meg mot fruktavdelingen, finn roen i ein haug med lime som er store som grapefrukt. Det vrimler av ansatte, ein for kvar ei oppgave. To jenter gir deg handlekorg, ei riv av pose, ein opner pose, ei veg pose, ei trykker ut ein lapp osb.
Eg finn utgangen, eg fekk ikkje med meg noko, det var umulig aa velge. Sliten etter all vandring tar eg meg ein pause i trappa utanfor, og der oppe sit han, langt der oppe over dei enorme reklameskilta sit kokken og et sin eigen himmelske mat.

Wednesday, September 05, 2007

Livet til Roy

Roy er ein schaferhund som bur paa taket rett over gata. Kvar gong eg ser ut ser eg Roy som ser ned mot bilverkstaden der dei arbeider med biler som kjem inn. Av og til kan eg se at han tek ein lur, men for det meste ser han ivrig paa det dei driv med i verkstaden. Roy er den hunden i Kina som kan mest om bil.

Tuesday, September 04, 2007

Kamera

Denne unge kinesiske handelskvinna solgte meg eit digitalt kamera. Eg tok eit bilete av ho slik at eg veit kven eg skal vitje om det blir reklamasjon.

Sunday, September 02, 2007

My street

Saturday, September 01, 2007

Ok

Ok, Gardermoen. Kjenner at eg alt er litt lei av å reise.