Thursday, September 06, 2007

Kokken der oppe

Eg jakta etter ein stad der det skulle vere ein park og nokre tempel men eg gjekk gal veg og vart vikla inn i eit temmeleg urban del av Kunming. Eg vart dradd med av dei kinesiske hordene. Ei gate paa 2 km der alle butikker sel flygel, deretter ein veg til venstre der det er moped som er i fokus, inn ei gate med kinesiske armeeffekter og til slutt blir eg sugd inn i eit enormt supermarked. Eg tenker handle levende padder, kun 30 yuan for eit kilo! Levende karper som ligg og slapper av i bunn av akvariet er og fristande... Katt og kanin, eller er det hare, eg beveger meg mot fruktavdelingen, finn roen i ein haug med lime som er store som grapefrukt. Det vrimler av ansatte, ein for kvar ei oppgave. To jenter gir deg handlekorg, ei riv av pose, ein opner pose, ei veg pose, ei trykker ut ein lapp osb.
Eg finn utgangen, eg fekk ikkje med meg noko, det var umulig aa velge. Sliten etter all vandring tar eg meg ein pause i trappa utanfor, og der oppe sit han, langt der oppe over dei enorme reklameskilta sit kokken og et sin eigen himmelske mat.

No comments: