Saturday, September 22, 2007

Xiba lo

Xiba lo er mi gate. Den går eg minst to ganger dagleg. Er eg på villspor kan eg alltid ta ein Taxi og seie Xiba lo. Eg sleit med uttalen i starten og det kunne bli forvirring men no veit eg at ein skal seie det slik ein full sjømann ville sagt det, og den siste stavinga LO, der skal O lyde som om den vert gulpa opp. Da er det berre å slappe av, holde klar 10 yuan og seie OK då du vil at han skal hogge i bremsene.
Xiba lo er ikkje sentrum, her er det lite gatelys i mørkret og ingen store forretninger med Boss og Nike etc. Men det er handel og kontor i kvart eit lite lokale langs heile ruta frå bustaden til atelierert. Alt ein kan trenge finn du i denne gata. Du kan spise, og du kan spise variert og dristig. Dei griller biller, hjerne, grisehaler, syltelabber, blekksprut og alle dei andre dyrene i Hakkebakkeskogen. Maten ligg på bord eller heng framme slik at man kan peike og velge xl eller small. Grillen er lenger ute på fortauet og stol litt lenger nede, du kan og sitte på huk. Kineserane er fantastisk til å sitte på huk, dei slapper av på huk.
Om du ikkje vil ete kan du legge ei ansiktsmaske, fikse ei blomme eller få noko intravinøst. Du kan reparere hunden eller hamsteren din. Du kan fikse sykkel og moped, file nøkler eller om du har problemer med mobilen kan du gå til den gamle mannen i skapet mellom gassutsalg og frisørsalong. Han har ei stø hand og friske auger. Om du vil kan du kjøpe ein gummikuk hos den strikkande bestemora ved postkontoret. Er du ikkje sikker på kva du vil kan du gå i krimskramsbutikken, der er det kaos og enormt bra utvalg. Etter alt dette kan du pusse sko eller vaske dine kvite joggesko med tannbørste. Er du trøtt no kan du få motorsykkeltaxien til å kjøre siste biten, dei har plasthjelmer slik som Byggmester Bob, sjølv må du ta risken uten hjelm.

No comments: