Tuesday, September 25, 2007

Etnisk disco

Har tatt ein avstikker fra Kunming til den vakre byen Lijiang. Byen er vakker, det skal den ha, men det er vel også det som har etter min smak gjort den ein aning uspiseleg. Det er blitt ein turiststad der alt dreier seg om handel av identiske suvernirer. Rett nok kan du finne eit og anna som ser orginalt ut men hovudvekta er masseprodusert. Restauranter er det og mange av, dei fleste har innklapparar, unge jenter og gutter som har tredd ei etnisk naxi-drakt utanpå jeans og t-shirt og som danser og klapper for å få folk til å velge rett stad. Shuhe ligg 4 km nord og er rolegare. Dette skal vere Naxi-folkets vogge, turismen og dei masseproduserte sakene har ogsaa funne vegen hit men i mindre grad. Den gamle delen av Shuhe er verkeleg fin og her kan ein og finne veldig fine overnattingsstader for ein 100 yuan eller mindre. I kveld er det moon-festival. Folk reiser heim og besøker sine og et mooncake. Den smaker ok men kake reiser ein ikkje til Kina for å spise. Den kinesiske maten er god men det er stor hjelp å ha med folk som kan kinesisk. Idag har eg vore ute på eigenhand to gonger og eg meiner eg er blitt lurt, ikkje paa pris men på innhold. Eg sit att med ein mistanke om at dyrenes minst attraktive deler har blitt meg til del. Shame on you Kina-cock! I morra er det Tiger Leap Gore, eg treng natur, store doser. Ingen bilder idag på lånt data, men eg vil komme tilbake med spektakulær natur.


Explore the seven wonders of the world Learn more!

1 comment:

KRev said...

det eg lurer på er dette: er det sant at kvart fjerde barn som blir født er ein kinesar? og at annakvar kål som blir ete er ein kinakål? finn den store kinesaren som sender kinakålen ut i verda. be han om å stoppa. det er nok no.