Monday, October 01, 2007

Gratulerer!


I dag er det Kina sin nasjonaldag. 1. Oktober. Det viktigaste for Kineserane ser ut til å vere at dei no har fri ei veke. Ein treff folk, ungdom, som viser begeistring for Mao. Ei ung jente på English Corner ( treff på Nordica) seier til meg: I admire Mao so much! Ho ser stolt og glad ut, om det er Mao eller om det er fordi engelsk-uttalen er ganske bra, veit eg ikkje. Seinere treff eg ein master-student på Yunnan Art Institute. Han viser meg sitt vesle rom kor han arbeider og bur medan han er student. Han tek master på tradisjonelt Kinesisk tusjmaleri, blomster og tre er hans fordjupning. Eg spør kva dei skriv på maleria, kva dei kalligrafiske tegna tyder? It's a poem, chairman Mao's poetry. Han gir meg eit maleri. Eg takkar og seier at det er for mykje. Det er fint, ein fugl ved nokre busker. Han stempler det, raude tegn, namn og symboler for langt og godt liv. Eg takker igjen. Neste dag treff eg han igjen og gir han ein cd med norsk jazz. Han studerer coveret lenge. Han og alle Kinesere eg treff er svært venlege. Eg har vore her rundt Kunming i 30 dager og til no har eg kun truffe på hjelpsomme og smilande menneske. Very nice! Det skal dei ha på nasjonaldagen. Gratulerer!

No comments: